PROGRAM VÅRSØGHELGA 2023
Torsdag 25/5:
- Kl 18.00 Kunstutstillingsåpning i samarbeid med Surnadal kunstforening. Årets festivalkunstnar er Nirmal Singh Dhunsi frå India, bosatt i Trondheim.
Fredag 26/5
–Kl 11.00 «Saman for Surnadal» Vi gjentek suksessen frå i fjor med konferansen Saman for Surnadal, i samarbeid med Sparebank1 Nordmøre og Surnadal næringsforening. Årets undertittel er «Litt utanfor allfarveg» Konferansen arrangeres i bankens lokaler på Skei. Her blir det innlegg med Terje Talgø, Bodil Børset, Kjell Gunnar Polden, Eigunn Stav Sætre og Tommy Fossum, lunch og musikalsk innslag av Roar Engelberg på panfløyte.
–Kl 12.00 «Henningtimen». Ein annleis musikktime med Henning Sommerro for 9. og 10. trinn ved Surnadal ungdomsskule.
–Kl 18.00 Konsertforedrag på Surnadal billag kl 18.00 om forfattarane Kristofer Uppdal og Hans Hyldbakk: «Ei vandring i to lyriske landskap».
Språket i måleriet.
Musikken i språket.
Språket i musikken.
Uppdalbiograf Arild Bye reflekterer rundt Uppdal og Hyldbakk.
Jakob Weidemann sine digitaliserte malerier, som ikkje har vore utstilt sidan 1996, skaper scenografi.
Musikerne Ine Hoem, Trygve Fiske og John Pål Inderberg spiller
musikk av Trygve Brøske, Henning Sommerro og Gunnar Germeten jr.
Det norske teatrets produksjon «Bloddrope-trall» fra 1996 er utgangspunkt
for denne forestillingen under Vårsøghelga. I samarbeid med Uppdaldåggån på Steinkjer. I tillegg får vi høre Henning sine komponiststudentar ved NTNU, som har skrevet nye melodiar til tekstar av Hans Hyldbakk
- Kl 20.00
Konsertane på Surnadal billag under Vårsøghelga, har etablert seg til å bli ein av dei aller største og mest magiske konsertane i Surnadal gjennom åretI år er det ei stor glede å ønske Ingrid Olava med sitt band velkommen til Vårsøghelga.
Ingrid Olava har sunget seg inn i våre hjarter og for lengst befesta sin posisjon blant landets mest substansielle og viktige artistar. No får vi høre ho i Surnadals råeste konsertlokale. Surnadal Billag.Siden den kritikerroste debuten med Juliet’s Wishes har Ingrid Olava med si karakteristiske stemme og vakre pianospill levert eit imponerende antall konsertar og ein låtkatalog som har resultert i en mengde priser og nominasjonar gjennom ein musikkarriere på 14 år.I bandet har Ingrid Olava med seg Jo Berger Myhre på bass og Erland Dahlen på trommer.
Sigurd Brørs og Gøran Bolme åpner kvelden med kvar si avdeling, før Ingrid Olava går på scenen.
Lørdag 27/5
- Kl 12.00 Kulturtorg på Surnadal Kulturhus med fotballaktiviteter i regi av KBK og konsert med bl a elevar frå Surnadal og Rindal kulturskule. Her kan du vinne signert KBKskjorte og kampbillettar
- Kl 13.00 Boksøg med Guri Sørumgård Botheim leia av Svein Sæter. Musikkalsk innslag ved Sigurd Brørs. I samarbeid med Møre og Romsdal forfattarlag. Temaet for boksøgen er romanen «Høgfjellsmeldinga», som kjem i mars.Guri Sørumgård Botheim kjem frå Lesja og flytta i 2021 til Dombås, etter mange år i Trondheim. I lag med systera Sigrid debuterte ho med romanen Ramstein pensionat i 2009. Sigrid og Guri har vore humorskribentar saman og er kjente for særeigne framføringar.
Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Spørsmålet er brennbart stoff i folkesjela. Guri Sørumgård Botheim og Svein Sæter har båe nyleg gjeve ut bøker inspirert av natur og konfliktar på Dovrefjell. Under Vårsøghelga møtest dei til samtale om romanen Høgfjellsmeldinga av Guri.
Romanen Høgfjellsmeldinga er ein poetisk pageturner om naturrestaurering, kontorliv, radikale meiningar, kjærleik, hemn og usynlege drivkrefter.
Hovudpersonen i Høgfjellsmeldinga, Ragna Svae, får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho flyttar frå Trondheim til eit knøttlite samfunn på Dovrefjell. Her vil ho starte eit nytt liv.
Men jobben viser seg å bli meir utfordrande enn ho hadde sett for seg. Hendingar i fortida blir kvervla opp. Eit djupt sakn tek tak i ho og dyttar ho i ei drastisk retning.
GURI SØRUMGÅRD BOTHEIM kjem frå Lesja. I 2009 gav ho ut romanen Ramstein pensionat i lag med systera Sigrid. I 2016 gav ho ut Heime mellom istidene, ei diktsamling om kva det vil seia å kjenne seg heime. Den nye romanen Høgfjellsmeldinga vidarefører tema frå diktsamlinga, men knyter seg nærare eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Guri er utdanna litteraturvitar og arbeider som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum. Ho flytta i 2021 frå Trondheim til Dombås i lag med mannen Sigurd Brørs.
Foto: Benedikte Skarvik
————————————————————————-
- Kl 15.00 Konsert: «Kvartett tidens ende» Under andre verdenskrig satt komponisten Olivier Messiaen i tysk fangenskap, og Kvartett til tidenes ende ble skreve i konsentrasjonsleiren Stalag i 1940-41. Stykket vart urframført utandørs under sult og kalde forhold, og på delvis øydelagte instrument. Saman med sine medfangar spela Messiaen for eit publikum på om lag 400 fanger og fangevoktere den 15. januar 1941. Stykket er skrevet for ei spesiell instrumentbesetning, rett og slett fordi han komponerte for dei musikerne han hadde tilgjengelig blant medfangane. Dermed endte han opp med fiolin, klarinett, cello og klaver.
Musikken er et gripende testament til tiden og konteksten den ble skrevet i, og er dessverre framleis relevant; ingen som har hørt den oppført live, går frå konserten uberørt.
Kvartett til tidens ende blir framført i Finstuå på Surnadal Kulturhus, omkranset av Nirmal Singh Dhunsi sin kunst. Her får vi høre eit stjernelag av musikarar, bestående av Øyvind Gimse (Cello), Mona Spigseth (Flygel) Daniel Turcina (Fiolin) og Rik De Geyter (Klarinett).
- Kl 18.00 Kleivakvelden 2023. Årets kleivakveld blir nok ein gong eit stort høgdepunkt under Vårsøghelga. Vi får som vanleg oppleve Henning og John Pål i strålande form, nye fantasifulle dikt av grunnskuleelevane, Kleivapris, panfløytefenomenet Roar Engelberg og to av våre aller beste og mest energiske vokalistar saman på Kleivascenen. Elisabeth Bettan Andreassen og Knut Marius Djupvik. (Foto Knut Marius: Fred Jonny, Foto Bettan: www.Bettan.no)
Søndag 28. mai
- Kl 13.30 Boksøg 2: Bernt og bøkene. Vårsøghelga inviterer til ei spennande vandring i det store og allsidig forfattarskapet til Bernt Bøe. Her finst setrer og eventyr, kyrkjer og båtar, salmar og revyviser – og mykje meir. Møt Bernt Bøe i samtale med Svein Sæter. «Bernt og bøkene» er eit samarbeid med Møre og Romsdal forfattarlag. Boksøget foregår i Prestegarden i Stangvik
- Kl 15.00 Konsert i Stangvik kyrkje. På denne konserten får vi besøk av ein av verdas beste trompetister som i tillegg er ei av Noregs aller største internasjonale stjerner. Ole Edvard Antonsen har vore solist på dei største scenene i over 40 land. Carnegie Hall NY, Berlin Filharmonien, Musikverein i Wien, Sidney Opera House og no altså i Stangvik kyrkje. Ole Edvard Antonsen har motteke ein rekke utmerkelsar og prisar som td Kommandør av St Olavs Orden, Diapason dÒr i Frankrike, Spelemannsprisen, 1. pris i UNESCO konkurransen mm. Ole Edvard er ein ettertrakta pedagog, og held meisterklassar over heile verda. På denne konserten får vi høre han i samspel med vår eigen orgelvirtuos Erling With Aasgård, og Petter Anthon Næss. I tillegg til Antonsen får vi på denne konserten oppleve eit av Noregs beste blandakor. Kammerkoret Aurum med base i Trondheim, har utmerka seg med sin nyskapning og kvalitet. Koret blir dirigert av Eva Holm Foosnæs. Denne konserten kan fort bli den aller største konsertopplevinga på Nordmøre i 2023. Foto O E Antonsen: Kim Rognmo
- Kl 19.00 Vårsøghelga avsluttes i Storstuå med eit fyrverkeri av ein konsert. Vi er stolte over å samarbeide med Operaen i Kristiansund om denne konserten. Her får vi ein heil konsert via i musikalens tekn. Det blir songar frå våre kjære lokale Nordmørsmusikalar Lady Arbuthnott, Donna Bacalao, og Spelet om Mardøla, i tillegg til høgdepunkt frå dei store internasjonale musikalane som Les Miserables, Chess, Jungelboken og Mamma Mia. Ekstra stas er det at «vår eiga» Karianna Sommerro er songsolist saman med Emil Solli Tangen på denne konserten. Dei blir akkompagnert av Operaen i Kristiansund sin flotte sinfonietta, og Scene Ung. Foto Karianna: Erika Hebbert