VÅRSØGHELGA 30 år

 

Onsdag 21. mai

Drivadebatten

Kva no, Surnadal

Surnadal Kulturhus kl 20.00

 

TORSDAG 22. MAI

Kunstutstillingsåpning

Finstuå kl 18.00

I samarbeid med Surnadal kunstforening. Servering av kaffe og kake

Kunstnar: Lars Korff Lofthus

Info: http://www.kristiansandkunsthall.no/utstillinger/lars-korff-lofthus

 

Åpningskonsert med jubileumsmarkering

Storstuå, Surnadal Kulturhus kl 19.00

Billettpris: Voksen 425 inkl avg. Barn 275 inkl avg

Ingrid Bjørnov

Info: Vårsøghelga fyller 30 år i 2025. Det vil vi markere med ei heidundrande forestilling med Ingrid Bjørnov. Bjørnov åpner jubileumshelga kun iført flygel, til ein heimealeinekveld i særklasse.

I kjent stil svinger hun seg sømløst frå Bach til brekkbønner.

Hun rapporterer frå heimebane og fortel historiar frå livets vær- og føreforhold.

Ingen konsert er heilt den andre lik, publikum og Vårsøghelg-jubileum påvirker i stor grad kva for retning kvelden tar.  Det blir offisiell åpning og markering av jubileet til Vårsøghelga med Statssekretær Sissel Kruse Larsen  

https://www.ingridb.no/

 

 

FREDAG 23. mai

Barnehagekonsert for skulestarterne i kommunens barnehager

Mio, Pio og vennskapsknuten. 

Medv: Trio Krøll og bøll

Svorkasalen Surnadal Kulturhus kl 12.00

 

Henningtimen

Skulekonsert for 9. trinn, og utdeling av Henningstipendet.

Storstuå, Surnadal Kulturhus kl 12.30

 

Saman for Surnadal

Årets tema: «Med hjarte for bygda», leia av Ole Magne Ansnes

Gjestar: Toril Skram, Jenny Klinge og Svein Håvard Saksen, Lars Korff Lofthus

Sparebank1 Nordmøre kl 13.00. Mingling og lunch frå kl 12.30

I samarbeid med Sparebank1 Nordmøre og Surnadal Næringsforening

Påmeldingslenke til «Saman for Surnadal» legges ut her når den er klar.

 

Bokprat med forfattar Svein Sæter. Leia av Ole Magne Ansnes

I Samarbeid med Surnadal Heimbygdlag

Hammerstuene kl 18.00

 

Konsert/pubkveld med Famntak og Kari Svendsen

Surnadal Billag kl 20.00

Famntak og «BanjoKari» Svendsen

Billettpris: Voksen 425 inkl avg

Info: Kari Svendsen har alltid vært der. Banjo-Kari. Oslo-Kari. Vise-Kari.

Hennes utrettelige innsats for Oslo-visene og for visesang generelt, gjorde også at hun i 2011 også vart St. Hallvard-Kari. Da vart det lagt spesielt vekt på alle timane hun har lagt ned da hun var med å starte opp Josefine Visescene i 1995. I 2024 er det 400 år siden middelalderbyen Oslo brant ned, og 100 år siden Christiania byttet navn tilbake til Oslo. Da er det også 57 år siden Kari debuterte på plate med singelen «Grannie» saman med The Young Norwegians (1967) før hun ble med i Øystein Sundes Christiania Fusel & Blaagress og ga ut singelen «Mamma vi’kke ha» i 1968.

       På 70-tallet gjestet hun på ei rekke plater med alt frå Øystein Sunde, Convivium, Jan Eggum, Knutsen & Ludvigsen, Lillebjørn Nilsen, Erik Bye, Åge Samuelsen og Vandrerne og hun gjorde seg bemerket i en rekke revyar, før hun endeleg skulle gi ut plater i eige navn. Men selv om hun «alltid» har vært der, har hun ikkje skjemt oss bort på platefronten.

Hun har kun tre soloalbum på samvittigheten:

Kari Svendsen (1978), Solskinn og sang (1982) og Kari går til filmen (1991), i tillegg til de to platene På Stengrunn (1973) og På Gjensyn (2019) – begge med tekster av Rudolf Nilsen. Det er også verdt å nevne dei to Gatesangerne albumene Gatesangerne (1995) og Oslo-viser (2000).

Allikevel er hun en av dei mest turnerande artistane i landet, med alt frå Riksscenen til eldrehjem som boltreplass.

Famntak: Famntak består av 4 Surnadalinger som har gått gradene frå kulturskulen til å leve som profesjonelle utøvarar. Tone Søyset Døving (Song), Trygve Brøske (piano) Anders Larsen (Fiolin) og Jostein Ansnes (Gitar). Etter å ha spela mykje i lag, så fant dei i ut i starten på 2000-talet, at dei skulle spele inn ei plate og starte et band. Første plate (Famntak 2003) var med Sommerro/Hyldbakkmaterialet, og plate nr 2 (Leirfivellandet 2006) var med eigne låtar med tekstar av bl.a Ivar Nergaard, Ragnhild Lund Ansnes, Stig Nilsson, Kristofer Uppdal og Sverre Hatle. Henning Sommerro og Frode Alnæs bidro også med to melodiar på Albumet.  

https://no.wikipedia.org/wiki/Famntak

 

LØRDAG 24. MAI

Familietorg

Bjørnis, Sjonglering med Circoyas frå Trondheim, barnas vårdiktmønstring med grunnskuleelevar, leia av  Svein Sæter (ca kl 11.30 i foajeen på kulturhuset) Maskotar. Ansiktsmaling, kiosk mm

Gratisarrangement

 

Kulturskuleforestilling

Surnadal og Rindal kulturskule si elevforestilling

Storstuå kl 12.00

 

Boksøg

Med forfattar Aage Sivertsen, leia av Svein Sæter.

Boksøg med Aage G. Sivertsen

Aage Georg Sivertsen vekte oppsikt med boka «Rinnanbanden», som vart ein bestseljar. No er forfattaren frå Kristiansund snart klar med ei ny bok som garantert vil vekkje debatt. Denne gongen er temaet landssvikarar. Møt Sivertsen i samtale med Svein Sæter, i vår markering av at det har gått 80 år sia fredsvåren 1945. I samarbeid med Norsk Forfattersentrum og Møre og Romsdal forfattarlag.

Kammerset/Kinosalen på Surnadal kulturhus kl 13.30

Konsert 

Finstuå kl 15.00

Atle Sponberg, Fiolin og Knut Erik Sundquist, Kontrabass

Billettpris: 325 inkl avg.

Info: Atle Sponberg og Knut Erik Sundquist er to av Norges aller fremste musikere. Dei tek for seg musikk frå oldtiden og fram til dagens musikk. Ved bruk av ein god porsjon humor og sjølvironi, på egne og musikkhistoriens vegne, får de begrepet «musikkhistorie» til å falle ned frå sin høge hylle. Disse to musikalske kapasitetane evner å formidle musikk til kven det skal vere – unge og gamle begeistres av deres virtuositet, ærlighet og spilleglede. Med sitt skråblikk og underfundige humor vil denne konserten bidra til å snu publikums oppfatning av klassisk musikk som noko alvorleg og høgtidelig!  Atle Sponberg er kjent som konsertmester i KORK, fleire TV-opptredenar, som solist, Tangoekspert, ettertrakta pedagog og orkesterleiar. Sponberg har også ei rekkje med gode resultat både frå Birken, Marcialonga og Snooker NM. Sundquist er også ein habil Snookerspelar, i tillegg til å bli omtalt som ein av verdas aller beste kontrabassistar. Sundquist har vunnet fleire prisar, og spelt med dei fleste store orkester i inn og utland og musikere innanfor dei aller fleste sjangrar. Både Sponberg og Sundquist spelar på dyre gamle italienske instrument. På snookerarenaen speler båe to med handlaga spesialtilpasset snookerkøer av ypperste kvalitet. Velkommen på eit fyrverkeri av ein konsert i Finstuå på Surnadal Kulturhus. 

 

Kleivakvelden

Kleiva kl 18.00

Ingebjørg Bratland, «BanjoKari», Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Kleivapris

Billettpris: Voksen 425 inkl avg. Barn og unge under 18 år: Gratis inngang på Kleiva. Ved dårlig ver eller andre uforutsette grunner, flyttes konserten inn i Storstuå på Surnadal kulturhus. Same billett gjeld.

Info: Ingebjørg Bratland har sunget seg inn i hjartane våre med sin unike stemme. Songstrupen frå Telemark har med sin musikalitet, utstråling, sjangerbredde og stemme, vunnet både Landskappleik, Spelemannspris, Wenche Foss´ærespris mm. Ingebjørg Bratland sine opptredener i Slottsparken, Jul i Svingen, Hver gang vi møtes, og samarbeidet med Odd Nordstoga har etablert Bratland som ein av våre aller mest folkekjære artistar.  I tillegg får vi under Kleivakvelden høyre legenden Kari Svendsen. BanjoKari sin innsats i Norsk musikkliv er heilt unik. Med sin rappe humor, raske Banjospel og ein stor dose sjarm, har ho trollbundet sitt publikum i ei årrekkje. I tillegg kjem Henning Sommerro, John Pål Inderberg og Surnadal hornmusikk. Utdeling av Surnadal kommunes kulturpris «Kleivaprisen»

 

 

SØNDAG 25. mai

Konsert og kaffelag

Slettneset Steinovnsbakeri, Nordvik

Kl 12.00

Ronny Kjøsen (Trekkspel), Bryan Gear (fele), Marit Løfaldli (Song) og Karstein Mauset (Song/gitar)

Billettpris: Voksen 325 inkl avg. Barn 125 inkl avg

Info: Her får vi ein konsert som er via folkemusikken, og i hovudsak folkemusikk frå Shetland. Folkemusikaren Bryan Gear frå Shetland, er ein av dei aller fremste formidlarane av Keltisk folkemusikk. Ronny Kjøsen er ein av regionens aller flotteste og allsidig musikere, og han har invitert med seg gode vener og medmusikantar, som vil gi oss ein unik konsert på fantastiske Slettneset Steinovnsbakeri på Nordvik. Salg av kaffe og bakst.

 

STEMMEPRAKT

Stangvik kyrkje søndag 25. mai Kl 15.00

Trio Mediæval med Arve Henriksen, SKRUK med Henning Sommerro og John Pål Inderberg

Billettpris: Voksen 525 inkl avg. Barn 200 inkl avg

Info: Konsertane i Stangvik kyrkje har i Vårsøghelga si 30 årige historie vore som ein institusjon å rekne. Her har vi høyrt nasjonale og internasjonale musikarar på absolutt høgaste nivå. Stor sjangervariasjon, mangfold, kvalitet og spennvidde har kjennetekna konsertane. I år er ikkje noko unntak, tvert i mot. Trio Mediæval, Arve Henriksen, SKRUK, Per Oddvar «Prots» Hildre, Henning Sommerro og John Pål Inderberg står på scenen i fantastiske Stangvik kyrkje under 30-årsjubileumskonserten.

  Trio Mediæval består av songarane Anna Maria Friman Henriksen, Linn Andrea Fuglseth og Jorunn Lovise Husan. Trio Mediæval er ein av Norsk musikklivs største eksportsartiklar. Dei fascinerande stemmene har betatt verda med sine fantastiske konserter og innspelinger av eit mangfaldig repertoar. Trio Mediæval har gitt konserter, radio- og TV-opptredener over hele Europa, USA, Canada og i Asia. Sidan starten har Trio Mediæval utgitt fleire album på det tyske plateselskapet ECM Records. Disse innspillingene har alle ligget på den amerikanske Billboard Top 10 Bestsellers List – og sistnevnte ble i tillegg Grammy-nominert. A Worcester Ladymass (ECM, 2011) fikk den tyske German Record Critic’s Award og har bla a fått glitrende anmeldelser i England. Albumet Solacium (2021) er Trio Mediævals samling av salmer og vuggesanger — intime songar like gamle som tiden og like nye som i morgon: dette er musikk utan grenser, som hyller vår felles menneskelighet.

Arve Henriksen (trompet): Er ein av våre aller fremste instrumentalister og musikere. Henriksen har med sin unike trompetklang spelt seg inn i manges hjarter. Han har samarbeidet med det meste av nasjonale artistar i tillegg til ein stor internasjonal karriere. Han har samarbeidet med ma Motorpsycho, Odd Nordstoga, Jaga Jazzist, Sondre Bratland, Kari Bremnes og mange mange fleire. Arve Henriksen har ofte opptrådt med Trio Medieval i live-settinger – men ECM-albumet Rímur er deres første omfattende samarbeid på plate. Den ble spilt inn i februar 2016 ved Münchens Himmelfahrtskirche, og produsert av Manfred Eicher. Henriksen fikk si jazzutdanning på Musikkonservatoriet i Trondheim (NTNU)

SKRUK: SKRUK er eit legendarisk kor basert på Sunnmøre, som i over 30 år har vorte dirigert av korlegenden Per Oddvar Hildre, kjent som Prots. Dei blir rekna som eit av de aller beste kora vi har. 

SKRUK har sidan starten i 1973 gjeve ut over 25 album. Deriblant i samarbeid med Henning Sommerro og gruppa Vårsøg. SKRUK og Vårsøg si plate «Av moll er du komen, til dur skal du bli» er for lenge rekna som ein klassikar. Flesteparten av SKRUK sine album er utgjeve på Kirkelig Kulturverksted. Koret sine rundt 45 songarar er spreidde over heile landet, og møtest for øving og konsertar i løpet av året.

Koret har blitt nominert til Spellemannsprisen tre gonger. Det er ei stor glede å ynskje SKRUK velkommen tilbake til Vårsøghelga. 

John Pål Inderberg (Saxofon) er ein av dei mest betydningsfulle musikarar og pedagogar i Norge. Inderberg har med sin pedagogiske evne, lært opp ein rekke av landets fremste jazzmusikarar med sin unike pedagogikk. Han er tildelt ein rekke prisar for sin innsats. Deriblant Buddyprisen, Kongens fortjenestemedalje, Trondheim Kommunes kulturpris, Lindemanprisen,. Hilmarprisen, Sør-Trøndelag fylkes kulturpris mm. Vårsøghelga er glade og stolte over det lange og gode samarbeidet vi har hatt med John Pål i alle år. 

 

 

Herborg, TrondheimSolistene og Amigos. Songboka 25 år

Storstuå Surnadal Kulturhus søndag 25. mai kl 19.00

Herborg Kråkevik, TrondheimSolistene og barnekoret Amigos med ungar frå Bøfjorden, Åsskard og Bæverfjord. Dirigent Bodil K Aasbø

Billettpris: Voksen 475 inkl avg. Barn 275 inkl avg

INFO: Kråkeviks songbok, som kom ut i 2000, var eit banebrytande samarbeid mellom eit klassisk kammerorkester (TrondheimSolistene) og songaren og skodepelaren Herborg Kråkevik. Plata vart innspel i det legendariske (gamle)Rainbow studio i Oslo, med Jan Erik Kongshaug og Bjørn Nessjø bak spakane.  Den resulterte i lange turnear over heile landet, fleire opptredener i TV/radio og prisar. Kråkeviks songbok er ei av dei mest solgte norske platane gjennom tidene. No 25 år seinare har Kråkevik og TrondheimSolistene nok ein gong gått i studio saman, og spelt inn oppfølgaren til Kråkeviks Songbok. Surnadal og Vårsøghelga er ein av svært få stader som får besøk av Kråkevik og TrondheimSolistene denne våren med det nye materialet, som skjerm ut på plate om ikkje alt for lenge. På den nye plata får vi høyre Vårsøg og fleire av våre aller kjeraste songar, kledd i den unike drakta til Herborg og TrondheimSolistene. Denne konserten avslutter 30-årsjubileet til Vårsøghelga. 

https://www.herborgkrakevik.no/

https://trondheimsolistene.no/