Åge og Gunnar med Trondheimsolistene i Stangvik kyrkje 20. mars 2020!

Fotograf Marthe Vannebo. Bildet er teke i Nidarosdomen under Olavsfest 2019. Åge, Gunnar og Trondheimsolistene.

Foto: Marthe Vannebo. Bildet er teke i Nidarosdomen under Olavsfest 2019. 

Åge Aleksandersen og Gunnar Pedersen med Trondheimsolistene spela sommaren 2019 to konsertar i Nidarosdomen under Olavsfest. Båe konsertane vart utseld i løpet av få timar og Adresseavisen skriv mellom anna: «Hvem hadde trodd at Levva Livet skulle få en til å gråte», «Musikken presenteres i en naken og sårbar drakt – helt nydelig» og «Konserten er på mange måter ikke bare en konsert, det er en opplevelse».

Ei unik konsertoppleving!

Vårsøghelga har klart å få på plass den einaste konserten Åge, Gunnar og Trondheimsolistene gjer på Nordmøre i 2020! Dette blir ei unik konsertoppleving i Stangvik kyrkje fredag 20. mars kor Åge byr på seg sjølv og kor det blir vist ei anna side av Norges mest populære artist. Vi får høyre dei fleste kjente låtane samtidig som vi får høyre fleire songar som vanlegvis ikkje blir presentert på konsertar. Som Åge sjølv seier: «Vi stikker innom for å slå av en prat og spille og synge noen låter».

Billettar selges via https://www.surnadal-kulturhus.no/#scene

Svein Sæter

Vårsøghelga 24. – 26. mai

Svein Sæter er forfattar og «potet» frå Stangvika. Han har skrive ei mengde bøker; biografiar og historiske bøker, men òg fiske- og fangstbøker. Under Vårsøghelga kan du sjå Svein overalt der det er noko som foregår. Han er debattleiar, samtalepartnar til forfattaren i Boksøg og han les dikt saman med ungane på Kleiva. I tillegg til å vera god skribent er han ein kjøle god forteljar. Han er hyra til å skrive jubileumsboka til Vårsøghelga som kjem neste år.

Vårsøghelga 2017

Vårsøghelga 2017 blir arrangert i Surnadal 26. – 28. mai.

Mange spennande opplevingar i vente for små og store, så sett av helga.

Stjernelag hyllar Vårsøgjubileum

Arve Tellefsen, Håkon Bleken, Henning Sommerro, Trondheim Symfoniorkester, Nidarosdomens Guttekor og Trygve Brøske. Tungvektarar i midt-norsk kulturliv vil vere med og feire at Vårsøghelga i Surnadal i år blir arrangert for tjuande gongen. I 2015 er det òg 70 år sidan fredsvåren 1945, da Hans Hyldbakk sat på heimplassen sin Kleiva og skreiv diktet Vårsøg.

«Våryr, vakkert og variert» er merkelappen Vårsøghelga set på seg sjølv, og når dei no gir oss eit lite innblikk i programmet så ser vi at jubileumsåret sjølvsagt ikkje blir noko unntak frå dette. Laget Vårsøg sler verkeleg på stortromma og kan by på fire dagar med kulturfestival der igjen mangfaldet og kvaliteten er sett i høgsetet.

Les meir

Vårsøgutstillinga Gjensyn av Annelene Haftorn

Vårsøghelga opnar med Vårsøgutstillinga Gjensyn av Annelene Haftorn i samarbeid med Surnadal kunstforening, torsdag 5. juni kl 18.00 på Surnadal kulturhus. Det blir servert kaffe og kake, og elevar frå Nordmøre Folkehøgskule kjem med ein smakebit frå Shany-musikalen!