Torsdag 26. mai 

kl 15.00

Konsert med Alpaca ensemble. Sigrid E Stang, fiolin, Marianne B Lie, cello  og Else Bø, piano

Kallastuå

Alpaca ensemble har etablert seg som ei av våre mest produktive og innovative kammermusikkgrupper. Alpaca har samarbeida med en rekke norske og utanlandske musikarar og komponistar, og har urframført eit stort antall med nyskrevne verk. Alpaca ensemble er nominert med to av sine nyaste innspelingar til årets spelemannsprisutdeling. 

Enda meir info på alpacaensemble.com

Kalla Skrøvset er forresten pianist Else Bø sin gammeltante.

Meir info på alpacaensemble.com

Kl 16.00

Utstillingsåpning ved festivalkunstnar Anne Kristin Hagesæther

Anne K Hagesæther frå Bergen, er ei norsk målarinne, grafiker og illustratør, utdannet i fra Brighton. Hagesæther har vunnet ein rekke priser for sin kunst. Hagesæther finn bl.a motivene sine i skogen, på fjellet og frå elva utanfor sitt atelier.

Meir info på www.annekristin.no

I samarbeid med Surnadal kunstforening.

Kallastuå

Fredag 27. mai 

kl 16.00

Konsert med nyskrevet musikk for anledningen, av Henning Sommerro og Odd Johan Overøye sine komponiststudentar frå Institutt for musikk ved NTNU.

Studentar frå Institutt for musikk framfører komposisjonene.

Svorkasalen på Surnadal Kulturhus 

Fri inngang

 

kl 17.00

Oppmarsj og minikonsert med Luftforsvarets musikkorps, Trondheim

Frivillige organisasjonar oppfordres til å delta i toget frå Alti til kulturhuset for å markere frivilligheita sitt år.

Når vi kjem fram til kulturhustorget, blir det fellesnummer med Luftforsvarets musikkorps og skulekorpsa i Surnadal.

Meir info om korpset på https://kultur.forsvaret.no/forsvarets-musikk/luftforsvarets-musikkorps

 

 

Ca Kl 18.00

Utstillingsåpning ved Jeremy Welsh, Jon Arne Mogstad, Magdalena Manderlova og Trond Lossius.

Finstuå i Surnadal kulturhus

For meir info kontakt Jon Arne Mogstad

I tillegg blir det utstillingsåpning med kunst av Kirsten Marie og Synnøve Nordvik, saman med andre kunstelevar frå Surnadal og Rindal kulturskule i foajeen på kulturhuset.

Fri inngang. Det serveres som vanleg KIWI-kake og kaffe

 

 

Kl 21.00

Konsert på Surnadal billag. «Øra på Øra og Litt tå me»

«Stemmer frå Surnadal» vart utgjeve i 2012, CDn innehold 13 nye originalskrevne låter med 13 ulike vokalister, tekstforfattere og komponister frå Surnadal. No 10 år seinare drar Rune Dalager i gang med ein ny runde med Nye stemmer frå Surnadal. Lisa B Flostrand, Ellen Svendsen Fiske, Linn Bente Ansnes Hjelkrem, Torstein Snekvik, Gunn Astrid Hove, Halvor Drøpping og Øystein Hjelle Bondhus bidreg som vokalistar. På tekstsida bidreg Malin Ude von Schantz, Rune Dalager, Ole Magne Ansnes, Bjørn Tore Brøske, Torstein Snekvik og Hans Hyldbakk. Komponistene denne gongen er Per Holten, Ole Magne Ansnes, Rune Dalager, Torstein Snekvik og Karstein Mauset. 

På billaget får vi høre dei nye låtane saman med eit strålande husband leia av Brage K Einum og Rune Dalager. 

Etter pausen får vi høre den originale stemmen frå Surnadal. Henning Sommerro. Henning si første soloplate «Litt tå me» kom ut i 1981 etter suksessen med Vårsøg. Plateselskapet gjekk konkurs like etter plata vart utgjevne, og det har ført til at den er lite tilgjengeleg. «Litt tå me» ble spelt inn i Nidaros Studio med lydguru Jan Erik Kongshaug og Roger Valstad bak spakene. Med seg hadde Henning eit stjernegalleri av musikarar som t.d Gunnar Andreas Berg, Helge og Jarle Førde og Stein Erik Tafjord. Øra Studio har i forbindelse med Henning sin 70årsdag digitalisert «Litt tå me», slik at den no blir å finne på strømmetjenestar på nettet. I tillegg blir det trykt opp eit lite antall med CD-platar som blir å få kjøpt under Vårsøghelga. På konserten på billaget vil Henning saman med Jo Ranheim, Jostein Ansnes og husbandet, framføre låtar frå «Litt tå me».

Bandet består av Brage K Einum, Olav N Tørset, Rune Dalager, Ola Langli og Torbjørn Kvande.

LØRDAG 28. mai 

Frå kl 11.00

Kulturtorg 

Konsert med kulturskuleelevar, Nordmøre ungdomsstorband og Drivadebatt (ca kl 12.15). Boklansering med Sverre Hatle kl 12.00 på biblioteket.

Ekteparet Randi Skrøvset Hatle og Sverre Hatle gav i 2011 ut den rike diktsamlinga «Å vera her». Boka vart heilt utselt. No har utgivaren, Surnadal Heimbygdlag, trykt opp ei ny utgåve av samlinga. Ho blir lansert på biblioteket laurdag 28. mai klokka 12.00 Randi gjekk bort for to år sia. Under lanseringa får du smakebitar frå «Å vera her» ved Sverre, som òg samtalar med Svein Sæter.

Kulturhustorget

Kl 14.00

Konsert på Øverlandet

Signe K Emmeluth(Saxofon) Sigurd Imsen (Fiolin) og Ivar Roger Hansen

Signe K Emmeluth har etablert seg som ein av dei beste jazzsaxofonistane vi har i Norge. Ho har motteke ein rekke prisar bla. «De unges Lindemanspris» Derfor er det ekstra stas å få høre henne i Ole Andreas Lindeman sitt fødested under Vårsøghelga.

Sigurd Imsen er ein av Noregs fremste på sitt instrument. Han har fordjupa seg i barokkfiolintradisjonen, og funnet mange glemte komposisjonar. Han har også fått laga seg ein kopi av ein av dei mest berømte barokkfiolinene som er laga. Dette fortel han meir om på Øverlandet.

Ivar Roger Hansen er musikkhistorikar, med musikkvitenskap hovudfag frå NTNU. Gjennom mange år har han arbeid som kultur- og musikkformidlar: som dirigent, foredragsholdar, forfattar og programskapar i NRK kor han bl.a. laga eit portrettprogram om Arne Nordheim. I 2013 utga han ein biografi om David Monrad Johansen som fekk gode kritikar.
Frå 2014 – 2020 var Ivar Roger Hansen direktør ved Ringve Musikkmuseum i Trondheim. Han arbeider for tida som frilans, forskar og forfattar. Ivar Roger har også god kjennskap til Lindemanslekta som har sitt opphav frå Øverlandet og Surnadal.

Kl 15.30

Boksøg med Tiger Garté og Svein Sæter

Surnadal bibliotek

I fjor haust vart Tiger Garté nominert til den høgthengande Brageprisen for ungdomsromanen «Dette dreper oss». No kjem han heim for å fortelje om boka, som kan lesast med fullt utbytte også av vaksne. – Ganske så absurd! sa Tiger da nominasjonen vart kjent. – Fullt fortent! seier Svein Sæter, som skal bokprate med Tiger i årets Boksøg. Biblioteket, laurdag 28. mai klokka 15.30.

Kl 18.00

Kleivakvelden

Med: Bjørn Tomren, Mahsa Vahdat, Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Heine Bugge, VOX, Surnadal hornmusikk, Kleivaprisutdeling, Diktmønstring mm

Tradisjon tro inviterer Vårsøghelga til Kleivakveld. Kleivakvelden inneheld sine faste postar som diktmønstring, Kleivapris og Vårsøg. Vi er glade for at årets stjernekampvinnar Bjørn Tomren med sin faste makker Heine Bugge kjem på Kleiva. Dei er kjent som PolkaBjørn&KleineHeine. Henning og John Pål har vorte synonymt med Kleivakvelden, og dei er spelesugne som aldri før. Mulig John Pål har eit dikt på lur også. I tillegg får vi høyre den iranskfødte songerinna Mahsa Vahdat, koret VOX, Surnadal hornmusikk, Svein Sæter m.fl. 

Endeleg kan vi åpne Kleiva utan restriksjonar, så det er berre å gled seg til ein Kleivakveld for historiebøkene. 

Mahsa Vahdat født i Iran, er utdanna songerinne og pianist frå Teheran. Ho har turnert i store deler av vesten sidan 1995. Vahdat har samarbeid med artister som Solveig Slettahjell, Henning Sommerro, SKRUK, Kronos kvartetten, Tord Gustavsen m.fl. 

Det er muleg med skyss opp til Kleiva for dei med funksjonshemningar. Transporten går frå kulturhuset ca kl 17.00. Påmelding til tlf 95994921. Kun få plassar.

Kl 21.00

Festivaltelt med bl.a Bjørn Tomren og Heine Bugge

Kulturhustorget

SØNDAG 29. MAI

Kl 11.00

Kaffe og Pols

Slettnesset steinovnsbakeri, Nordvik

Medv: Gro K Solli, Kveding, Øystein Sandbukt, Gitar, Torgeir Leivdal, Fiolin og Rune Hanem dans

På Slettnesset steinovnsbakeri på Nordvik, får vi ein føremiddag i folkemusikken, folkedansens og kaffelagets tekn. Her blir det oppvisning i Todalspols, og ekte Nordmørsk folkemusikk. Vi får besøk av nokre av dei fremste artistane vi har når det gjeld folkemusikk og folkedans på Nordmøre. I tillegg fyrer Karin opp steinovnen og selger kaffe og sitt fantastiske bakverk

Kl 15.00

Konsert i Stangvik kyrkje

Medv: Oslo strykekvartett og Trond-Viggo Torgersen

Samarbeidet mellom Oslo strykekvartett og Trond-Viggo har blitt mottatt med stor begeistring. Her får vi høre ein av europas fremste strykekvartetter spele frå sitt repertoar, i tillegg til ei avdeling der cellisten i kvartetten, Øystein Sonstad, har arrangert Trond-Viggo sine låter for Oslo strykekvartett og Trond-Viggo. Ein konsert for historiebøkene.

Både Oslo strykekvartett og Trond-Viggo er kjent fra Barne-TV. Oslo strykekvartett er med i programmet Sangfoni, mens Trond-Viggo er med på resten 🙂

Meir info om Oslo strykekvartett på https://www.stringquartet.com

Trond-Viggo treng vel ikkje nermare presentasjon.

Kl 19.00

Henning-70

Feiring av Henning Sommerro sin 70-årsdag

Medv: Norske og utanlandske artistar. Hemmeleg program.

Konferansierar: Jostein Ansnes og Trygve Brøske

Storstuå, Surnadal Kulturhus

Konserten er i samarbeid med Sparebank1 SMN

Billetter til arrangementa under Vårsøghelga selges på Surnadal Kulturhus, på nett(surnadal-kulturhus.no) eller ved inngangen.