Anders Larsen
Kleiva, 25. mai
Anders Larsen, født i 1978 på Surnadal fødestue, er til dagleg tilsett i TrondheimSolistene og Trondheim Symfoniorkester. I tillegg driv han ei aktiv freelance-verksemd med oppdrag på festivalar, events og som studiomusikar. Anders studerte ved Musikkonservatoriet i Trondheim, og ved Barratt-Dues musikkinstitutt i Oslo. Han avla sin solistdiplomeksamen som solist med Kringkastingsorkestert i Alban Bergs fiolinkonsert hausten 2004. Gav i 2015 ut juleplata «Vebju, juletonar fra Nordmøre» saman med Henning Sommerro. Anders spelar på ein fiolin bygd i Milano i 1735 av C A Testore, og ein fiolinbue bygd av J M Persoit i Paris, i 1850, eksklusivt utlånt av Lars Løseth og LL holding.