Onsdag 22. mai
Kunstutstilling og Boksøg.
Kallastuå kl 19.00
Minneutstilling med kunst av Lars Gjøra
Boksøg med Tommy Fossum og Svein Sæter
Tommy Fossum er redaktør i Driva og ein aktiv forfattar. Han har skrive og vore medforfattar av ei rekkje bøker, som regel med lokalhistoriske tema. Blant anna har han grove djupt i historia om lakselordane i Surnadal og elles i regionen, i boka «Våre ladyer og lakselorder». I ei anna bok, «Folk og villrein», går han heilt tilbake til dei første menneska som busette seg her.
I Boksøg pratar han med Svein Sæter om arbeidet med bøkene sine.
Torsdag 23. mai
Orgelstafett
Mo(kl 1000), Åsskard, Todalen(begge kl 13.00) og Øye kyrkje(kl 15.00)
Kl 10.00, 13.00 og 15.00
4 orgelstudentar frå Institutt for musikk NTNU spelar 4 konsertar i 4 forskjellige kyrkjer i kommunen.
Utstillingsåpning
Finstuå, Surnadal kulturhus kl 18.00. Utstillinga er åpen kvar dag
Kunstnar: Knut Løvås
Knut Løvås (1966) regnes som ein av Norges aller fremste avistegnere. Siden 2005 har han nesten daglig levert illustrasjonar til Klassekampen. Løvås har fleire gonger, seinast no i år, vært å finne blant finalistane i prisen «Årets avistegning».
Stumfilmen «Norge vårt Norge»
Storstuå, Surnadal kulturhus kl 19.00
Norge vårt Norge er ein legendarisk, helaftens stumfilm. I 1929 gikk vi milevis i beksømstøvler til bygdekinoer for å få oppleve filmen. Det var første gang nordmenn og nordkvinner fikk sjå korleis landet såg ut. Filmen ble ein massiv suksess. Den er eit bredt anlagt verk som ikkje er skjemmet av hverken beskjedenhet eller sosialrealisme. I 1929 var det typisk norsk å være god!
Seinare hadde filmen suksess i USA. Så kom lydfilmen og Norge vårt Norge vart glemt.
Nå foreligg Norge vårt Norge i nyrestaurert versjon og vi kan gjenoppleve landet slik det tok seg ut i 1929. Trygve Brøske har komponert eit symfonisk verk til filmen, delvis basert på musikk frå tida da filmen var ny.
Nå kjem Trygve Brøske, Tonje E Hove, produsenten Dag Hoel og Anders Larsen til Vårsøghelga for å gi Surnadalingene ei nostalgisk festaften. Dag Hoel vil før filmforestillinga fortelle om korleis filmen vart til, og tida filmen ble til i. Trygve Brøske, Tonje E Hove og Anders Larsen har solopartier under forestillinga, og i det øvrige er filmlyden opptak fra Trondheim Symfoniorkester sin Norge vårt Norge konsert i Olavshallen. Forestillinga er med andre ord ein hybrid mellom innspilt- og levande musikk.
Medv Trygve Brøske, Tonje Eero Hove, Dag Hoel og Anders Larsen
Fredag 24. mai
Saman For Surnadal
Sparebank1 Nordmøre kl 11.00
Medv: Live K Edvarsen, Ivar Næss, Endre Volden og Charlotte Audestad.
Konferanse og lunch i samarbeid mellom Vårsøghelga, Sparebank1 Nordmøre og Surnadal Næringsforening
Barnehagekonserten «Mio, Pio og vennskapsknuten»
Svorkasalen kl 11.30
Medv Mai-Britt Wagnild, Andrea Otterstad Johansen og Henriette Øfstedal Kolset. Regi/kostyme/scenografi: Marit Grytnes Dullaert
Henningtimen
Storstuå Kl 12.00
Ein annerledes skuletime med Henning Sommerro. Utdeling av Henningstipendet.
Harpreet Bansal band og Røv Mølle
Åpen Bar fra kl 17.30 til 01.30
Surnadal Billag kl 18.00.
Harpreet Bansal (født 1980) er ein norsk/indisk fiolinist innen raga (klassisk indisk musikk) samt jazz og folkemusikk.
Hun leder og lager musikk til sine egne prosjekter, Harpreet Bansal Band og Harpreet Bansal Trio, og er aktiv som musiker i andre prosjekter. Harpreet har regelmessig spelt med Karpe på deres konserter og turneer. Hun ble hun nominert til Spellemannprisen 2018 i åpen klasse for Samaya fra 2018, hennes første album som soloartist. I 2021 fikk hun Gammleng-prisen i klassen musiker og NOPAs tekst- og musikkpris i åpen klasse for 2020 for Movements. For musikken til filmen Hør her’a! ble hun nominert til Musikkforleggerprisen 2024 i klassen årets score.
Hun er utdannet ved Norges musikkhøgskole og ble den første til å ta mastergrad innen indisk musikk ved skolen.
Røv Mølle
I likhet med kraftfôrleverandøren på Nordmøre og i Romsdal produserar Røv Mølle «fôr av god kvalitet til alle drøvtyggarar». Gjennom melodiøs jazzrock og nordmørsk folkemusikk skildrar dei dramatikken i at landet veks att og at gamle sauerasar døyr ut. Trioen består av Surnadalingen Frank Hannasvik på trommer, tekst og sauebjeller, Cornelius Odegard Risberg på gitar, og Håkon Huldt-Nystrøm på kontrabass. Når Kraftfôrtrioen kjem til Vårsøghelga vil dei hylle bonden og beitedyra, og lover kraftfôr til lyttaren!
Charlotte Audestad, Gøran Bolme, Vinylpub med Ole Magne Ansnes
Charlotte beskrives som eit verbalt unikum, og har en kvinnestemmes skråblikk på hverdagen og dens utfordringer, med et enormt teksttalent og munnrapp humor. Charlotte gjev sterke, intime og humørfylte konsertar. Hennes musikk rører deg i hjarte, mage og hode!
Charlotte Audestad opprinnelig frå Hitra, er jenta som har gjort drømmen om å lage tekstar og musikk til virkelighet. Plata «På feil si’ av vei’n» (2013) er resultatet av tre års hardt og målrettet arbeid. Dette er Trøndersk hverdagspoesi som sett seg på hjernen og inneheld alt frå bunnlaus kjærlighetssorg til euforisk ekstase! Med sine svært billedlige berettelsar, finnes det ei låt for ei kvar årstid og sinnsstemning. Ho synger ubesvært om dei nære ting i livet, og alt gjer hu på sin eigen dialekt; trøndersk. Humor, varme, alvor, lidenskap og sjølvironi er fem gode stikkord som beskriv tekstene hennes.
Vinylpub med Ole Magne Ansnes. Ole Magne har med seg plater med Norsk og Nordmørsk rock og popmusikk, som skal snurrast langt uti vårnatta. Her er det lov å komme med musikkønske. Åpen bar heile kvelden. Salg av Bacalao
Surnadal billag kl 21.00
Lørdag 25. mai
Torg/familiedag
Med besøk av Bjørnis, sjongleringsshow og Trollheimsbrass
Kulturhustorget
KL 10.00
Tverrfagleg forestilling med Surnadal og Rindal kulturskule
Storstuå, Surnadal kulturhus kl 12.00
«Vår i æmning skapa magisk stæmning.
Surnadal og Rindal kulturskole presenterer en tverrfaglig forestilling, der vi blir tatt med inn i det magiske Vårsøglandet»
Bøksøg med Dordi Strøm leia av Svein Sæter. I samarbeid med Møre og Romsdal forfattarlag.
Ein dagsaktuell forfattar blir gjest under Vårsøghelga: Dordi Strøm vann nyleg P2-lyttaranes romanpris for boka «Odel».
Dette er ein høgthengande pris, der seks lyttarar diskuterer eit utval romanar gjennom fleire radioprogram. Til slutt stod altså «Odel» att som vinnar.
– Det var ei gåve å få høre på dette, at ulike lesarar fortalte korleis dei opplevde boka mi. Eg fekk mange overraskingar, ting eg ikkje hadde tenkt på sjølv. Slikt gjer meg glad. No gler eg meg til å komma til Surnadal.
Seier Dordi Strøm, som er trønder busett i Oslo. «Odel» er den andre romanen hennar, debuten kom med «Flog» i 2021. I Boksøg laurdag møter vi Dordi Strøm i samtale med Svein Sæter. Arrangementet er i samarbeid med Surnadal Heimbygdlag.
Kammerset/kinosalen, Surnadal kulturhus kl 13.30
«Måneskinnsonaten Beethoven, Revolusjon og Romantikk»
Finstuå, Surnadal kulturhus kl 15.00
Måneskinnsonaten, Appassionatasonaten og Pathétiquesonaten av Ludvig V Beethoven
Tor Espen Aspaas, Flygel
Pianist og professor Tor Espen Aspaas er en av de ledende formidlerne i sin generasjon av norske musikere. I 2016 ble han utnevnt til Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for sin innsats for musikk- og kulturformidling. Aspaas er tildelt en rekke priser og utmerkelser – deriblant De Unges Lindemanpris, Levinprisen og Nils Larsens legat – og han har vært solist med flere internasjonale symfoniorkestre i tillegg til samtlige norske etter de kritikerbejublede solistdebutene med Oslo-Filharmonien
Kleivakveld
Kleiva kl 18.00.
Medv. Bjarne Brøndbo, Henning Sommerro, Surnadal Hornmusikk, Ida Mo og John Pål Inderberg. Utdeling av Kleivaprisen og Kleivafondet
Endeleg er Bjarne Brøndbo tilbake på Vårsøghelga. Sist han besøkte oss i 2006, vart det publikumsrekord i Stangvik kyrkje. På Kleivakvelden får vi oppleve Bjarne solo, der han formidler gode historier og kjente låter. Det ryktes at Kleivas eige husorkester blir med Bjarne på nokre låtar også. Her kan alt skje. I tillegg får vi ein bukett av Henning sine fantastiske melodier med tekster av Hans Hyldbakk m fl. Like sikkert som at våren kjem kvart år, er at John Pål dukkar opp på Kleiva. John Pål er ein av Norges aller fremste musikarar, som i tillegg har fostra opp fleire generasjonar med topp internasjonale jazzmusikere på jazzlinja til NTNU i Trondheim. Ein levande legende. Det er også flott at vi i år kan presentere eit lokalt sangtalent på Kleivakvelden. Det er Ida Mo. Ida har markert seg i fleire sammenhengar på lokale scener med sitt talent. Svein Sæter er som vanleg primus motor for diktmønstringa, der unge diktarar får framført sine dikt. Surnadal hornmusikk stiller trufast opp for å sette stemningen for festkvelden. I tillegg er det utdeling av Surnadal kommunes sin kulturpris «Kleivaprisen».
Søndag 26. mai
Markering av 100-årsjubilantane Edvard Fliflet Bræin og Alf Ramsøy. Boksøg om den nye boka om Edvard Fliflet Bræin. Musikalske innslag frå Operaens Sinfonietta i Kristiansund
Bygdemuseet på Åsen Kl 12.00
Bugge Wesseltoft og Nidaros Vokal
Stangvik kyrkje kl 15.00
Bugge Wesseltoft er ein av Norges mest ettertrakta og prisbelønte musikarar. Han har vunnet fleire Spelemannspriser, Buddyprisen, Ella-prisen mm. Han turnerer over heile verda med sin heilt unike klang og musikalitet, og har samarbeida med dei aller største musikarane vi har. Dei fleste kjenner til Bugge gjennom hans juleplate «It´s Snowing on My Piano», som har blitt eit av dei aller mest spela album rundt juletider. Under Vårsøghelga får vi endeleg oppleve Bugge live, i den unike akustikken i Stangvik kyrkje.
I tillegg til Bugge Wesseltoft får vi på denne konserten besøk av Nidaros Vokal, med sin dirigent og kunstneriske leiar Ragnar Rasmussen. Nidaros Vokal er eit ungt ensemble bestående av klassiske sangere hovudsakleg utdannet frå Institutt for Musikk NTNU. Koret har samarbeidet med bla Henning Sommerro, Kåre Kolve, Trondheim Symfoniorkester og Erling W Aasgård. Nidaros vokal har sidan sin debut i 2021, løfta nivået og skapt ein ny arena for vokalmusikk i Trondheim. på denne konserten får vi ei urframføring av eit korverk av Henning Sommerro som er skrevet på bestilling av Olavsfest i Trondheim og Vårsøghelga.
TrondheimSolistene med dei 4 årstider
Storstuå, Surnadal kulturhus kl 19.00
Det er stor glede å ønske TrondheimSolistene tilbake til Vårsøghelga. Denne gongen kjem dei til Surnadal med eit av musikkhistorias mest ikoniske og populære verk, nemlig Vivaldis fire årstider.
TrondheimSolistene har turnert verda rundt med Vivaldi sine årstider, med ma Anne Sophie Mutter som solist. Denne gongen er det orkestrets leiar Geir Inge Lotsberg som er solist. Lotsberg er ein av Noregs mest ettertrakta fiolinister og pedagogar. Lotsberg spelar på ein fiolin laga av A Guarneri i1703.
På denne konserten tek TrondheimSolistene med seg sitt eiga rekruteringsorkester JuniorSolistene med til Surnadal. JuniorSolistene og TrondheimSolistene spelar to stykker i lag på denne konserten. Eit av dei er det uendeleg vakre stykket «Fantasia on a Theme by Thomas Tallis» av R Vaughan Williams for to strykeorkester.
Her får vi ei avslutting på Vårsøghelga som kjem til å ta pusten frå oss, med både vinterstorm og sommerstorm frå scenen.