Åge og Gunnar med Trondheimsolistene i Stangvik kyrkje 20. mars 2020!

Fotograf Marthe Vannebo. Bildet er teke i Nidarosdomen under Olavsfest 2019. Åge, Gunnar og Trondheimsolistene.

Foto: Marthe Vannebo. Bildet er teke i Nidarosdomen under Olavsfest 2019. 

Åge Aleksandersen og Gunnar Pedersen med Trondheimsolistene spela sommaren 2019 to konsertar i Nidarosdomen under Olavsfest. Båe konsertane vart utseld i løpet av få timar og Adresseavisen skriv mellom anna: «Hvem hadde trodd at Levva Livet skulle få en til å gråte», «Musikken presenteres i en naken og sårbar drakt – helt nydelig» og «Konserten er på mange måter ikke bare en konsert, det er en opplevelse».

Ei unik konsertoppleving!

Vårsøghelga har klart å få på plass den einaste konserten Åge, Gunnar og Trondheimsolistene gjer på Nordmøre i 2020! Dette blir ei unik konsertoppleving i Stangvik kyrkje fredag 20. mars kor Åge byr på seg sjølv og kor det blir vist ei anna side av Norges mest populære artist. Vi får høyre dei fleste kjente låtane samtidig som vi får høyre fleire songar som vanlegvis ikkje blir presentert på konsertar. Som Åge sjølv seier: «Vi stikker innom for å slå av en prat og spille og synge noen låter».

Billettar blir lagt ut om kort tid. Saka blir oppdatert med meir informasjon om billettsal.