Har du lyst til å bidra til at Vårsøghelga vert ein enda betre festival? Bli i såfall med som frivillig under denne fantastiske helga. Dette er ein unik muligheit til å få oppleve Vårsøghelga frå innsida. Søndag 24.mai kl 19, er alle frivillige og andre involverte invitert på avslutningsfest på Surnadal Billag

Vårsøghelgas frivillige arbeider både før, under og etter Vårsøghelga, etter korleis gruppe du er med i.  Den største oppgåva våre frivillige har, er å sørge for at både publikummet og utøvarane trives og har det godt under Vårsøghelga.  

Alle gruppene har ein leiar som set opp ansvarslister i samarbeid med dei andre medlemmane i gruppa.

Vårsøghelgas frivillige får ein fribillett til Kleivakvelden, men kan òg settast opp på gjesteliste på anna arrangement hvis det er billettar tilgjengelig.

Ta kontakt med oss viss du har lyst til å bli ein av Vårsøghelgas frivillige. Anderslarsen@me.com tlf 95994921

 

Arenavert

Sørger for at arenaen vi har arrangement på er presentabelt for publikum og utøvarar. Har du sans for å skape den rette stemninga er dette gruppa for deg.

 

Artistvert

Følgjer opp tilreisande utøvarar. Køyring hit og dit og sørger for at dei har det dei treng og er på rett plass til rett tid. Her er det høg kjendisfaktor og viss du tykkjer det er spennande å treffe nokre av Noregs framste utøvarar eller bli kjent med lokalkjendisar er dette gruppa for deg.

 

Billett- og vaktgruppa

Sel og kontrollerer billettar på arrangmeenta våre. Vakt på arrangement der det kreves. Har du sans for orden og tal samt likar toilltal med publikummet vårt vil du trivast her.

 

Køyregruppa

Køyrer utøvarar til og frå flyplass, til lydprøvar m.m. i samarbeid med artistvertane. For det første må du ha førarkort. Elles er det ein fordel å vera i stand til å ta styring, vera løysningsorientert, roe ned andres frynsete nervar og sjølv vera roleg i tilfelle noko oppstår på vegen hit og dit. Treng ikkje eigen bil.

 

Matgruppa

Matgruppa sørgjer for mykje godt å få kjøpt under Vårsøghelga. Innkjøp, matlaging, sal av græt og bakels og anna forfriskningar er sentrale oppgåver. Alle matglade passar inn her.

 

Rigg og rydd- gruppa

Vårsøghelgas strongman-gruppe riggar scener, publiumsplass og utsalsstader på arenanene, flyttar diverse piano og flygel og anna store saker. Her er det god planlegging og musklar som gjeld.