Trondheimsolistene
(2019)

Trondheimsolistene Surnadal kulturhus søndag 26. mai

TRONDHEIMSOLISTENE er eit dynamisk kvalitetsensemble av musikarar tilknytt Trondheim. Orkesteret vart etablert i 1988 og er eit kammerorkester med stor programbreidde og musikalsk vidsyn.  Dagens kunstnariske leiar, Geir Inge Lotsberg, vidarefører utviklinga av TRONDHEIMSOLISTENE som eit topp profesjonelt ensemble med stor internasjonal anerkjennelse. Konsertane pregast av humør, spontanitet og intensitet.