Torstein Snekvik
(2019)

Torstein Snekvik

Kleiva, 25. mai

Torstein er mest kjend som vinnar av MGPjr i 2010 som 10-åring med låta «Svikter aldri igjen». Dette vart startskotet for fleire år med konsertar og opptredenar landet rundt, blant anna 2 somrar på turné som soloartist med musikarar frå «Sambandet» som backingband.

 

Torstein har også medverka i mange TV-program som Allsang på grensen, Beat for Beat, Sommeråpent, Kvelden før kvelden, TV-aksjonen, Fin fredag, Julemorgen med flere. I 2012 fekk han platekontrakt med Universal og gav same år ut albumet «Ut av det blå». Torstein driv stadig med musikk, sjølv om fotballsatsing og idrettsutdanning no gjer at musikken får mindre tid. Han skriv eigne låter, og kjenner seg heime i tekster på dialekt i følgje med gitaren.

 

Eit par månader før MGP-junior-seieren i 2010 gjorde Torstein sin aller første store opptreden –  nettopp på Kleivakvelden. I «Bøverdalsrock» fekk han den gong tonefølge av Henning Sommerro, John Pål Inderberg og Ola Kvernberg. 9 år seinare er han som 19-åring tilbake på samme stad, på ny scene, med fullt band og eigne tekstar og melodiar. Bandet består av Brage Kristian Einum, Ola Langli, Sondre Skogseth og Olav Nergård Tørset.  Øystein Hjelle Bondhus, onkelen til Torstein, korar.