Sigrid Vetleseter Bøe
(2019)

Sigrid Vetleseter Bøe

Kleiva 25. mai

Sigrid voks opp Bøfjorden i Surnadal kommune, og starta i ung alder i Åsskard Kyrkjekor som vart leia av far hennar, Bernt Bøe. Song vart tidleg ein av Sigrids største lidenskapar, men det var ikkje før ho i 20-årsalder søkte på NTNU Institutt for musikk at musikken vart hovudfokus. Fire år gjekk i lære hos Elisabeth Meyer-Topsøe og Kåre Bjørkøy, og Sigrid søkte seg sidan til Operahögskolan i Stockholm i 2014.

 

I Stockholm starta ho studieforløpet som gav henne ein grad i opera – denne gongen med hovsångerskan Anita Soldh som lærar. I 2016 debuterte Sigrid som Erste dame i W. A. Mozarts «Tryllefløyten» på Kungliga Operan i Stockholm etter prøvesong for operasjef Birgitta Svendén.

Sesongen etter kom ho tilbake i same rolle i same opera.

 

I produksjonar ved Operahögskolan har Sigrid fått bryne seg på oppgåver som blant anna Mimí i «La bohème», Violetta i «La traviata», Nedda i «Pagliacci» og Clorinda i «La cenerentola». I 2015 var Sigrid utplukka til å vere solist med Bergen Filharmoniske Orkester, og i 2016 med Trondheim Symfoniorkester. I ettertid har Sigrid gjesta Trondheim Symfoniorkester ved fleire

høve som solist. Sommaren 2016 var Sigrid ein av Vadstena Opera Academy sine operasolistar.

 

Sommaren 2017 tok Sigrid heim andreprisen i operakonkurransen «Havets röst» på Åland i Finland, og våren 2018 debuterte ho som Micaëla på Operaen i Kristiansund i deira oppsetting av G. Bizets «Carmen». Frå og med sommaren 2018 er Sigrid busett i Berlin og jobbar som frilans operasongar. Ho studerer privat hos prof. Janet Williams, operasongar Lavinia Chereches og operacoach Elda Laro. Våren 2019 spelar ho rollen som Solveig i Griegs «Peer Gynt» med Ålesund Symfoniorkester.