Mona Spigseth
(2019)

Mona Spigseth Surnadal kulturhus søndag 26. mai

Mona Spigseth Surnadal kulturhus søndag 26. mai

 

Mona Spigseth kjem frå Sør-Odal i Hedmark.

Ho studerte i Oslo hos Prof. Einar Henning Smebye, og etter ein kritikerrost debut i Oslo i 1991 vart ho tilsett ved Institutt for musikk, NTNU. Der er ho lærar i klaver, interpretasjon, kammermusikk og akkompagnement.

 

Ho er også fagleg leiar for talentutviklingsprogrammet Unge Musikere. Mona Spigseth er ein svært aktiv pianist, både som solist og kammermusikar. Ho har vore solist med landets profesjonelle symfoniorkester, Trondheimsolistene, distriktsorkester, brassband og korps. Ho har hatt konsertar i ein rekke europeiske byar.

 

Mona Spigseth jobbar også som pianist i Trondheim symfoniorkester og Luftforsvarets musikkorps.

Ho er stadig akkompagnatør og repetitør for landets fremste utøvarar. I 2012 utga ho CD saman med Norges store tenortalent Bror Magnus Tødenes.