John Pål Inderberg Trio
(2019)

John Pål Inderberg Trio

Stangvik kyrkje, Stangvik 26. mai

John Pål Inderberg har for lengst sett sine spor i den norske jazzen. Med sans for eit spontant uttrykk har han turnert i ein årrekke og gleda publikum med leiken musikalitet og mykje humor. Inderberg har reindyrka ei sterk stilforståing som kombinerar det norske og det amerikanske med ein sjelden djupne.

 

Trioen han har med Håkon Mjåset Johansen og Trygve Waldemar Fiske, spelar gamle låtar, nokre gonger med nye linjer, andre gonger med gamle vers, og ofte med alt i eitt drag. I fjor slepte dei albumet «Linjedalsleiken», som hentar inspirasjon frå både amerikansk cool-jazz og norsk folkemusikk.

 

John Pål er ein mann som dyrkar samarbeidet med andre musikarar. Han er ein fremragande pedagog ved jazzutdanninga og har såleis bidrege til framveksten av jazzmusikantar her i landet. Eit av hans mange band er Subtrio. Med italienske Paolo Fresu var dei hos Urijazz i 2012, og den konserten sit som spikra i minnet; det var ei stor oppleving.

 

Håkon Mjåset Johansen var student av John Pål og har vorte ein merittert musikar på eiga hand. Eit høgdepunkt fekk han i 2014, då Chick Corea var med på Håkons DNB-pris-konsert under Kongsberg Jazzfestival. Trygve Waldemar Fiske har markert seg som ein av sin generasjons dyktigaste bassistar og turnerer jamnleg med Hanna Paulsberg Concept, Waldemar 4, Ine Hoem og Erlend Slettevoll Trio, forutan med trioen vi får møte denne kvelden. I 2014 mottok han Shell-stipendet av Molde Internasjonale Jazzfestival og danna bandet Waldemar 4, som hausta strålande kritikkar i norsk presse hausten 2015.

 

John Pål Inderberg – saksofonar, Trygve Waldemar Fiske – bass, Håkon Mjåset Johansen – trommer.