Hedda Hansen Berg
(2019)

Hedda Hansen Berg

Surnadal kulturhus, fredag 24. mai

 

Hedda Hansen Berg, (f. 1983) frå Surnadal, har bachelorgrad i utøvande
musikk frå Musikkonservatoriet i Trondheim og Royal Scottish Academy i
Glasgow, og mastergrad i piano med fordjuping songakkompagnement
frå Musikkonservatoriet i Trondheim. Ho har delteke på festivalar som
Trondheim Kammermusikkfestival, Olavsfestdagene, Operafestukene i
Kristiansund, Vinterfestspillene i Bergstaden, Stangvikfestivalen og
Vårsøghelga.
I tillegg til frilansoppdrag som akkompagnatør og repetitør, arbeider ho
no som pianolærar og akkompagnatør ved musikklinja på Atlanten vgs i
Kristiansund og er fast pianist i operaensemblet triOpera.