Håkon Magnar Skogstad
(2019)

Håkon Magnar Skogstad Thon Hotell Surnadal 25. mai

Håkon Magnar Skogstad (f.1989) er ein allsidig pianist med utøvande klassisk utdanning frå Norges Musikkhøgskole i Oslo, Institutt for Musikk i Trondheim og Manhattan School of Music i New York. Han har motteke ein rekkje prisar og utmerkelser for sitt spel, bl.a. Fulbright-Stipendet, Malvik Kommunes Talentpris, TÆL-stipendet, Performing Artist in Residence ved International House i New York og nylegst Paul Okkenhaug-prisen i 2018.

 

Skogstad har brei konserterfaring med konsertar over heile Norge både som solist og i ei rekke internasjonalt anerkjente ensemble. Han har også halde konsertar i USA, Argentina, Østerrike, Tyskland og Sverige. Han er for tida tilsett ved NTNU i Trondheim som kunststipendiat gjennom Program for Kunstnarisk Utviklingsarbeid.

 

Som «tangopianist» har Skogstad snart 15 års erfaring i ei rekkje internasjonalt anerkjente ensembler og har turnert i både inn- og utland. Han har gjennom desse gruppene gjeve ut tre kritikerroste album. Den fjerde og nylegaste utgivelsa, «Two Hands to Tango», er Skogstads første soloplate og består av eigne arrangement og komposisjonar. Plata vart spela inn i New York gjennom Avantango Records med Grammy-nominerte Pablo Aslan som produsent. Plata har hausta fleire titals strålande kritikkar frå USA, Argentina, Storbritannia, Polen, Kroatia, Italia, Russland og Norge. Skogstad turnerar no med musikk frå «Two Hands to Tango» og har allereie halde konsertar i Norge, USA og i Argentina, der han vart invitert til å spele på verdas største tangomusikkfestival.