Elizabeth Svarstad
(2019)

Elizabeth Svarstad Øverlandet Øye 25. mai

Elizabeth Svarstad, PhD, er utdanna dansar frå Norges dansehøyskole og har nordisk mastergrad i dansevitskap frå Københavns universitet, Universitetet i Stockholm og NTNU. Ho disputerte for doktorgraden i dansevitskap ved Institutt for musikk ved NTNU i 2018 med avhandlinga «Aqquratesse i alt af Dands og Triin og Opførsel: Dans som sosial dannelse i Norge 1750–1820».

 

Svarstad har studert barokkdans i Frankrike, England og USA og har etablert seg som spesialist i historiske dansar i Norge og internasjonalt. Ho har samarbeidd med ein lang rekkje anerkjente tidlegmusikkensemble og har medverka i operaproduksjonar, danseframsyningar og konsertar, samt soloprosjekt i inn- og utland. Ho underviser i barokkdans ved blant anna Norges musikkhøgskole NTNU, Universitetet i Stavanger og Kunsthøgskolen i Oslo.