Brazz Brothers
(2019)

Brazzbros Surnadal kulturhus og Sunrnadal Billag fredag 24. og Kleiva laurdag 25. mai

The Brazz Brothers kjem frå Langevåg på Sula. Dei starta den musikalske fergeturen sin ved å skaffe seg ei solid, klassisk musikkutdanning. Gruppa bestemte seg tidleg for å gå sine egne vegar i eit musikalsk landskap som er grenselaust og stort. I løpet av imponerande 38 år i kontinuerleg rørsle har dei hatt over 4000 konserter i 34 land og gitt ut 20 cd-plater. Dei har samarbeida musikalsk med alt fra profesjonelle symfoniorkester, kor og korps, internasjonale artistar, afrikanske stammehøvdingar til altså no, korpsa i Surnadal. The Brazz Brothers består av to brødrepar på messinginstrumenter. Jan Magne Førde spelar trompet og flygelhorn. Helge Førde spelar trombone. Runar Tafjord spelar waldhorn og Stein Erik Tafjord handterer tubaen. Fra Sula kjem også Kåre Nymark jr.  Svenske Magnus Forsberg har kommandoen over trommane.